Hopp til hovedinnhold
  • Usp icon

    Rask levering: 1-3 virkedager

  • Usp icon

    Klikk og hent i butikk

  • Usp icon

    Betal med kort, Vipps eller faktura

  • Trustpilot

    4,6/5 over 5000 omtaler

Kundeklubb
Passe happy 1

Passe happy

Vol. 1

Kari Stai

Norsk Nynorsk
Hardcover
Samlaget
Barn 9-12 år
BøkerBarn & ungdom
329,00 kr296,10 kr
Medlem
Slippdato: 4. januar 2021
VippsQliroPostenBringVISAMastercard

Lagerstatus online

Kun 1 igjen

Klikk & Hent

På lager i 1 butikker

Enda raskere å hente i 1 butikk. Finn butikk

Passe happy

Vinnar av Kulturdepartementets illustrasjonspris 2021!


Illustrert barneroman frå Jakob og

Neikob-skapar.


Juri nærmar seg 12 år og kjenner seg usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste.


For Sofi er så fin at Juri mistar pusten. Men Juri vil sjølvsagt ikkje døy. Han skulle ynskje at alt var som før. At pappa ikkje måtte flytte. At bestevenninna Evy ikkje blei så rar. Kvifor har han så mange kjensler? No snurrar jordkloden så altfor fort. Om han berre kunne stått litt meir i ro.


Boka er gjennomillustrert av Kari Stai.


Kari Stai (f. 1974) er forfattar og illustratør, aller mest kjend for bøkene om Jakob og Neikob. Historiene om desse to blir karakteriserte som moderne barnebok-klassikarar. Dei er omsette tilfleire språk og er blitt animasjonsfilm og teater.


Frå juryen til Kulturdepartementets illustrasjonspris: "Dette er ein lågmælt og fin roman om overgangen frå barndom til pubertet, om å finne ut kven ein eigentleg er, og kva som er viktig i livet. Venskap, tilhøve til foreldre og kjærleik - både streit og skeiv - er sentrale motiv. Boka er rikt illustrert av forfattaren. Svart-kvitt-teikningane er i ein naivistisk og tilsynelatande minimalistisk stil. Bilda er effektfulle, dei tilfører boka informasjon som ikkje blir gitt i verbalteksten, dei gir ei kjensle av nærleik til hovudpersonen, og dei har ei plassering som bidrar til å drive handlinga og hovudpersonens utvikling framover. Nokre av dei heilsides bildeoppslaga utgjer sjølvstendige sekvensar i forteljinga, eit grep som signaliserer at kunstnaren stoler på at lesaren kan tenkje sjølv."


Spesifikasjoner
  • Varenummer
    9788234002595
  • Vekt (Kg) :
    0.366000
  • Opprinnelsesland :
    Norge
  • Format
    Hardcover
  • Forfattere
    Kari Stai
  • Sjanger
    Litterær
  • Antall Sider
    176
  • Utgiver
    Samlaget
  • Lanseringsdato (dd.mm.yyyy)
    2021-01-04 00:00:00
  • Volum
    1
  • Aldersgruppe
    Barn 9-12 år
  • Avansert Format
    Hardcover
  • Språk
    Norsk Nynorsk